Vagant er eit tidsskrift for litteratur og kritikk, som vender seg mot eit norsk publikum, men også publiserer tekster på svensk og dansk.

Vagant har frå starten av vore eit unglitterært tidsskrift, med stadig nye redaksjonssamansetningar. Redaksjonen er sett saman av både forfattarar og litteraturvitarar. Tradisjonelt har redaksjonen hatt ein flat struktur. I 2007 vart den fyrste ansvarlege redaktøren, Audun Lindholm, tilsett.

HistorikkEndra

Dei første åra var Vagant eit uavhengig tidsskrift, med base i Oslo. I 1999 vart det oppretta ein parallell redaksjon i Bergen, som mellom 1999 og 2002 laga annakvart nummer av Vagant. Frå og med 2002 har tidsskriftet hatt base i Bergen.

Frå og med 1996 mottok tidsskriftet kontorplass og økonomisk støtte frå Aschehoug & co. I 2005 sa Aschehoug opp sponsoravtala med tidsskriftet, og redaksjonen inngjekk ei ny avtale med det daverande forlaget N. W. Damm & Søn. Mellom 2005 og 2016 vart tidsskriftet utgjeve av Cappelen Damm. Frå og med januar 2017 vert eigarskapet overdrege til redaksjonen.[1]

I 2009 oppretta Vagant internettsatsinga Vagant Europa, med det formålet å omsetje artiklar frå den kontinental-europeiske kulturelle og litterære debatt.

Nokre tidlegare medlemmer av Vagant-redaksjonenEndra

Alf van der Hagen, Tone Hødnebø, Pedro Carmona-Alvarez, Pål Norheim, Arve Kleiva, Henning Hagerup, Olaug Nilssen, Torunn Borge, Linde Hagerup, Espen Stueland, Tore Renberg, Karl Ove Knausgård, Nora Simonhjell, Susanne Christensen, Erlend O. Nødtvedt

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Marius Lien (14. oktober 2016). «Pornoforlag kvitter seg med usexy tidsskrift». Morgenbladet. 

BakgrunnsstoffEndra