Erling Erland

norsk politikar

Erling Erland (12. juli 191713. januar 1988) var ein norsk ingeniør og politikar frå Time i Rogaland. Han representerte Anders Langes Parti og Rogaland på Stortinget 1973–77.

Erling Erland
Fødd12. juli 1917
Time
Død13. januar 1988 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Erland utdanna seg 1943 til sivilingeniør ved Norges Tekniske Høgskole. Perioden fram til 1952 var han tilsett i familie-firmaet Erlands Maskin på Bryne, med unnatak for eit år hos Patentstyret i Oslo. Sidan underviste han på maskinlinja Stavanger Tekniske skole.

Hausten 1973 vart Erland vald til stortingsrepresentant frå Rogaland for det nyskipa partiet Anders Langes Parti, forløparen til Framstegspartiet. Fireårsbolken 1973–77 var han medlem i Forsvarskomiteen. Ikkje attvald i 1977.

Kjelder endre