Ersfjorden på Senja

Koordinatar: 69°30′42.977″N 17°17′57.649″E

Ersfjorden er ein fjord på norsida av Senja i Senja kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 7 km søraustover til bygda Ersfjord i botn av fjorden.

Ersfjorden på Senja

Fjorden har innløp mellom Oksneset i nordaust og Sporra i sørvest. På sørsida av fjorden går fjordarmen Steinfjorden. Fjorden er omgjeve av høge, bratte og spisse fjell der dei høgaste strekkjer seg opp til om lag 800 meter over havet.

Riksveg 862 går langs den indre delen av fjorden.