Esandsjøen
Esandsjøen (Essandsjøen, Essand, sørsamisk Saantenjaevrie) var ein innsjø i Sylan i Tydal kommune i Trøndelag fylke. Esandsjøen vart regulert av Trondheim Energiverk ved at ei demning vart bygd i Esna i perioden 1941-1947. Etter at Nesjødammen vart bygd, vart Esandsjøen ein del av Nesjøen. I dag vert Esandsjøen nytta som namn på den nordlege delen av Nesjøen.
Esandsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Tydal | ||
Esandsjøen 63°06′32″N 12°01′39″E / 63.109°N 12.0275°E |
Neddemminga førte til at viktige kulturminne som karolinargravene frå sommaren 1719 og delar av plantefredingsområdet frå 1917 vart lagt under vatn.
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.