Trondheim Energi AS

(Omdirigert frå Trondheim Energiverk)

Trondheim Energi AS er eit kraftselskap som vart stifta i 1901 som Trondhjems Elektricitetsværk og Sporvei. Kraftproduksjonen ligg på 3 200 GWh i eit normalår og kjem frå vasskraftverk i Nea-Nidelvvassdraget og Orklavassdraget. Trondheim Energi AS omfattar dotterselskapa Trondheim Energi Nett AS, Trondheim Energi Fjernvarme og Trondheim Energi Kraftsalg AS.

Trondheim Energi Kraftsalg sel straum i sluttbrukarmarknaden og er aktuell straumleverandør for store og små kundar i heile landet. Nettselskapet har Trondheim og Klæbu kommunar som konsesjonsområde.

Det opphavlege kommunalt eigde Trondheim Energiverk vart i 2002 selt til Statkraft. Selskapets namn vart i 2007 endra til Trondheim Energi. Talet på tilsette i selskapet er ca. 250. Omsettinga i 2007 var på 2 369 Mkr og driftsresultat etter skatt 412 Mkr.

Det tidlegare produksjonsselskapet Trondheim Energi Kraft var frå 1. januar 2009 fullstendig innlemma i Statkraft Energi AS. Kraftverka er her samla i ei eining som er gjeven namnet Kraftverksgruppe Trondheim og vert styrt frå Statkraft sin driftssentral i Gaupne.

Bakgrunnsstoff endre