Eshel HaNasi
Eshel HaNasi (hebraisk skrift אֵשֶׁל הַנָּשִׂיא, tyder Presidentens tamarisk) er ein fellesbusetnad og ungdomslandsby sør i Israel. Han ligg mellom Beersheba og Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 289 innbyggjarar.
Eshel HaNasi | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Merhavim | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 349 (2017) | ||
Grunnlagd | 1952 | ||
![]() Eshel HaNasi | |||
Wikimedia Commons: Eshel HaNasi | |||
Det vart grunnlagd ein skule på staden i 1951, og denne tok namn frå tamarisktrea som voks i regionen, og frå tittelen til presidentar i Israel, til ære for den første presidenten, Chaim Weizmann.
Året etter vart det starta ein jordbruksskule og det vart grunnlagd ein ungdomslandsby på staden, med namn frå den første skulen. I dag er dette ein kostskule og vidaregåande skule med kring 1 500 elevar frå 7. til 12. klasse.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Eshel HaNasi» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff endre
- Offisiell nettstad (he)