Kostskule eller pensjonatskule er ein utdanningsinstitusjon der nokre av eller alle elevane både blir underviste og bur. Særleg i Storbritannia finst det ei rekkje kostskular, og elevane har ofte ein bakgrunn frå øvre middelklasse eller overklassen. Kor lenge elevane går på ein kostskule varierer sterkt, frå eitt til tolv år, men fem til ni år er det vanlegaste.

The King's School i Canterbury skal vera den eldste kostskulen i verda, skipa i 597

Noreg endre

Det næraste ein kjem kostskule i Noreg er internatskule, men internatskular er som regel offentleg støtta, tar imot elevar med all slags bakgrunn og er ofte etablert grunna lang skuleveg.

I Noreg var dette på 1900-talet ei skuleform brukt av både folkehøgskular, bibelskular og landsgymnas (1916-1964).

Ein oppretta statlege internatskular i Finnmark frå 1905. Dei fyrste kom på stader mot grensa til Finland. Etter kvart blei det også skipa kommunale internatskular. Hjørundfjord kommune i Møre og Romsdal bygde Stafset skule som opna i 1915 og blei nedlagd i 1949.

Etter ein del skulereformer i det offentlege skuleverket, er det nesten berre private internatskular igjen. Desse blir ofte drivne av ideelle eller religiøse organisasjonar. Blant desse er Red Cross Nordic United World College i Fjaler i Sunnfjord, som tar opp elevar frå heile verda basert på meritt.

Storbritannia endre

I England blir mange av dei mest prestisjefylte private kostskulane paradoksalt nok kalla for Public Schools; det er her tale om «public» i tydinga uavhengig av andre interesser. Eit anna namn er Independent school (uavhengig skule). Blant dei mest kjente av desse er Eton College og Harrow School i London, og Winchester College i Hampshire.[1] På slutten av 1900-talet var det i alt nesten 800 kostskular, og desse utdanna rundt ein prosent av alle barn i Storbritannia.[2]

I kulturen endre

Frå litteratur og film i Noreg er Langåsen pensjonatskule kjend frå Stompa-serien. Denne serien var ei omarbeiding av engelske bøker, litterære skildringar av kostskulemiljø er kjende frå 1800-talet, som Tom Brown's School Days av Thomas Hughes. Frå slutten av 1900-talet og byrjinga av 2000-åra skildrar Harry Potter-bøkene av J. K. Rowling ein kostskule som underviser i magi.

Kjelder endre

  1. «Aust-Agder Blad». Risør. 11. september 1957. Henta 10. mai 2021. 
  2. Department of Health. (1998). Caring for Children away from Home. Chichester: Wiley and Son