Eskil Kinneberg (fødd 17. mai 1992) er ein norsk orienteringsløpar frå Gjerdrum som vart verdsmeister på mellomdistansen i 2018, og fekk gullmedalje med Noregs stafettlag i VM 2017 og VM 2018.

Eskil Kinneberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1992 (31 år)
Idrett orientering

I 2016 vann Kinneberg sølv i stafetten under europameisterskapen i Jeseník i Tsjekkia. Året etter sprang han den fyrste etappen i VM-stafetten i 2017, saman med Magne Dæhli og Olav Lundanes syrgde han for norsk triumf. Dei same tre karane sigra også i stafetten ved EM 2017 i Ticino. Under verdsmeisterskapen 2018 i Latvia lukkast Kinneberg vinne mellomdistansen, 6 sekund føre den sveitsiske medaljegrossisten Daniel Hubmann. For andre året i rad vann Kinneberg også gull i VM-stafetten. Han tok seg då av den andre etappen, medan Gaute Steiwer opna og Magne Dæhli avslutta for det norske mannskapet. Tre år seinare var Kinneberg med på å vinne sølv for Noreg i VM-stafetten.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap endre

  • VM 2017: Gull i stafett, nr 5 på klassiskdistansen
  • VM 2018: Gull på mellomdistansen og i stafett
  • VM 2021: Sølv i stafett, nr 6 på mellomdistansen

Kjelder endre