Espeland i Bergen
- For andre tydingar av Espeland sjå fleirtydingsida Espeland, mellom anna Espeland i Fana
Espeland er ein tettstad i Arna bydel i Bergen kommune i Vestland. Staden ligg i Arnadalen midt på Bergenshalvøya. Riksveg 580 mellom Indre Arna og Nesttun går over Espeland. Tettstaden har 2 535 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Espeland | |||
tettstad | |||
Espeland haldeplass for veterantoget på Vossabanen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Areal | 1,65 km² | ||
Folketal | 2 535 (2023) | ||
Folketettleik | 1 536 / km² | ||
Postnummer | 5267 ESPELAND | ||
Innbyggjarnamn | arnabu | ||
Preposisjon | på Espeland | ||
Espeland i Bergen 60°23′00″N 5°28′00″E / 60.3833°N 5.46667°E |
På Espeland ligg Janusfabrikken. Espeland haldeplass for Gamle Vossabanen ligg ved Janusfabrikken.
I Moldalia bygde den tyske okkupasjonsmakta i 1942–1943 Espeland fangeleir for norske og russiske fangar. Den berykta leiren blei etter krigen brukt til internering av landssvikarar, og seinare var den brukt av Sivilforsvaret. Den er no driven som krigsmuseum.
Alliansekorpset Arna held til på Espeland.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |