Espen Johnsen (f. 1976)
Espen Granberg Johnsen (fødd 17. oktober 1976 på Lillehammer) er ein norsk politikar som representerer Arbeidarpartiet. Han vart innvald på Stortinget frå Oppland i 2005. Ved stortingsvalet 2009 stod han på femteplass på lista til partiet og vart dermed vararepresentant i perioden 2009–13, noko han òg var i 2001–05.
Espen Johnsen | |||
| |||
Fødd | 17. oktober 1976 (48 år) Lillehammer kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Høgskolen i Lillehammer | ||
Alle verv |
|
Hausten 2011 vart han vald til ny ordførar i Lillehammer kommune, etter eit valsamarbeid mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt og SV.
Johnsen er utdanna samfunnsvitar frå Høgskulen i Lillehammer. Han var medlem av Oppland fylkesting i periodane 1999-2000, 2001-2003 og 2003-2005. Espen Granberg Johnsen har vore medlem av generalforsamlinga i Sparebankstiftelsen DNB NOR. Han jobba som utviklingsstrateg i Øyer kommune frå 2009 til 2011.
Stortingskomitéar
endre- 2005–2009 medlem i Familie- og kulturkomitéen
- 2005–2009 medlem i Valkomitéen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Espen Johnsen (politikar)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.