Opna hovudmenyen

Espen Johnsen (f. 1976)

norsk politikar
(Omdirigert frå Espen Johnsen (politikar))

Espen Granberg Johnsen (fødd 17. oktober 1976 på Lillehammer) er ein norsk politikar som representerer Arbeidarpartiet. Han vart innvald på Stortinget frå Oppland i 2005. Ved stortingsvalet 2009 stod han på femteplass på lista til partiet og vart dermed vararepresentant i perioden 2009–13, noko han òg var i 2001–05.

Espen Johnsen
Espen Johnsen Lillehammer (6108285001) (cropped).jpg
Fødd17. oktober 1976
Lillehammer
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHøgskolen i Lillehammer

Hausten 2011 vart han valt til ny ordførar i Lillehammer kommune, etter eit valsamarbeid mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt og SV.

Johnsen er utdanna samfunnsvitar frå Høgskulen i Lillehammer. Han var medlem av Oppland fylkesting i periodane 1999-2000, 2001-2003 og 2003-2005. Espen Granberg Johnsen har vore medlem av generalforsamlinga i Sparebankstiftelsen DNB NOR. Han jobba som utviklingsstrateg i Øyer kommune frå 2009 til 2011.

StortingskomitéarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra