Esslingen am Neckar

Esslingen am Neckar er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 100 000 innbyggjarar. Byen er òg sete for landkreisen Esslingen. Esslingen ligg ved elva Neckar, 10 km frå sentrum av Stuttgart.

Esslingen am Neckar
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Baden-Württemberg
Region Stuttgart
Landkreis Esslingen
Høgd 241 m
Areal 46,42 km²
Folketal 95 881 (31. desember 2023)
Først nemnd i 777
Postnummer 73728–73734
Retningsnummer 0711
Bilnummer ES
Kart
Esslingen am Neckar
48°44′26″N 9°18′39″E / 48.740555555556°N 9.3108333333333°E / 48.740555555556; 9.3108333333333
Wikimedia Commons: Esslingen am Neckar

Historie

endre

Byen vart først nemnd i 777 som Ezelinga i testamentet til abbed Fulrad frå Saint-Denis (nær Paris), prest for Pippin og Karl den store. Han førte òg leivningane av St. Vitalis til Esslingen, noko som gjorde staden til eit mål for pilegrimar og som førte til at byen voks.

Rundt år 800 vart Esslingen ein kjøpstad og i 866 fekk han markedsrettar. Esslingen fekk byrettar i 1229 og vart i 1298 ein fri keisarby. Protestantismen vart innført i 1526. I 1803 mista Esslingen statusen sin som fri keisarby og vart ein del av hertugdømet Württemberg.

Esslingen slapp unna dei kraftige bombeåtaka under den andre verdskrigen og i 1945 vart han okkupert av amerikanske soldatar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Esslingen am Neckar