Estaca de Bares er eit nes som dannar det nordlegaste punktet til Spania og Pyrenéhalvøya. Det ligg ved breiddegrad 43° 47′ 38″ nord, i provinsen La Coruña i Galicia. Neset markerer etter tradisjonen skiljet mellom Det kantabriske havet, sør i Biscayabukta, og resten av Atlanterhavet.

Estaca de Bares

Estaca de Bares stikk godt ut i havet, og har særs høg årleg nedbør på 2500 mm (som ein temperert regnskog). Dette har gjeve området eit unik økosystem, og det er i dag verna som naturreservat.

Neset har også fleire historiske minne. Ein kan vitja ein fønikisk saltfiskfabrikk og hamn. Andre ruinar er av møller og tidlegare militære installasjonar. Heilt nord på neset står det eit fyr som blei bygd i 1850 og framleis er i drift.

Den spanske marinen dreiv tidlegare ein signalstasjon her. Den er no gjort om til hotell og restaurant.

På 1960- og 1970-talet dreiv den amerikanske kystvalta ein LORAN-stasjon her. Basen dreiv eit radionavigasjonssystem i samarbeid med ein britisk base i East Blockhouse i Wales Pospoder i Frankrike. I 1978 slutta kystvakta LORAN-drifta, og det amerikanske luftvåpenet tok over kontrollen over basen. 2186 Communications Squadron frå luftvåpenet, med hovudkvarter i Torrejon Air Base ved Madrid, dreiv staden som Radio Relay Link (RRL) til 1991. No er basen forfallen.

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre