Galicia er ein autonom region nordvest i Spania med status som historisk region og eit av dei første kongedøma i Europa.[1] (Kongedømet Galicia). Regionen er delt inn i provinsane A Coruña, Lugo, Ourense og Pontevedra. Han grensar til Portugal i sør, dei spanske regionaen Castilla y León og Asturias i aust, Atlanterhavet i vest og Biscayabukta i nord.

Galicia
Flagget til Galicia Våpenet til Galicia
Flagget til Galicia Våpenet til Galicia


Plassering
Plassering av Galicia
Plassering av Galicia
Styresmakter
Land Spania, Romarriket, Kongedømet Galicia, Den spanske restaurasjonen
Provinsar 4
Hovudstad Santiago de Compostela
President Alberto Núñez Feijóo (PP)
Geografi
Flatevidd 29 574 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

2 783 100
  94,1 /km²
Koordinatar 43°00′″N 8°00′″WKoordinatar: 43°00′″N 8°00′″W
Annan informasjon
Postnummer ES-GA
Nettstad: www.xunta.es

Geografi endre

Geografisk er Galicia kjend for mange fjordliknande bukter langs kysten, estuar som vart fylte då havnivå steig etter den siste istida. Desse vert kalla rías og er delt inn i Rías Altas og Rías Baixas. Riaene er viktige for fiske og gjer kysten til eit viktig fiskeområde. Det flotte landskapet og villskapen til kysten trekkjer til seg mange turistar. Kysten av dette grøne hjørnet av Den iberiske halvøya er òg kjend som Costa do Marisco («Sjømatkysten»).

 
Finisterre på atlanterhavskysten av Galicia

Eit par av dei tette atlantiske skogane er bevarte i Galicia. Regionen er relativt lite forureina og landskapet består av grøne åsar, klipper og rias som er ganske så forskjellig frå det ein finn i resten av Spania.

Dei indreområda er mindre folkesette og mange flyttar frå desse områda til kysten og dei store byane i Spania. Terrenget består av fleire låge fjellkjeder som vert kryss av mange små elvar. Mange av elvane vert utnytta til produksjon av vasskraft. Galicia har faktisk så mange små elvar at regionen har vorte kalla «landet med dei tusen elvane». Dei viktigaste elvane er Miño og Sil, som har ein vakker canyon.

Fjella i Galicia er ikkje høge, men har likevel isolert landsbygdene i dei indre områda og hindre utvikling i dette området. Det finst eit skisenter i Cabeza de Manzaneda (1778 moh) i provinsen Ourense. Det høgaste fjellet er Trevinca (2127 moh) på den austlege grensa til Ourense med provinsane León og Zamora (Castilla y León).

Galicia har ingen omfattande naturområde og har hatt fleire miljøproblem i moderne tider. Avskoging har vore problem i mange område, i lag med spreiinga av eukalyptustre, som vart importert av papirindustrien. Dyrelivet, hovudsakleg ulven, har lidd på grunn av bønder og kvegbøndene. Den naturlege hjorten er i tilbakegang på grunn av jakt og utvikling. I nyare tid har oljesøl vorte eit stort miljøproblem, særleg med Mar Egeo-ulukka i La Coruña og oljeutsleppet til «Prestige» i 2002, Andre miljøsaker er forureining frå fiskeoppdrettsanlegg på kysten, overfiske og mange skogbrannar, trass i det våte klimaet her.[2]

Administrativ inndeling endre

Galicia vart delt inn i sju administrative provinsar fram til 1833: La Coruña, Santiago, Betanzos, Mondoñedo, Lugo, Ourense og Tui.

Frå 1833 vart dei sju provinsne frå 1400-talet slått saman til fire: La Coruña, Ourense, Pontevedra og Lugo.

Dei største byane er Vigo, La Coruña, Ourense, Lugo, Pontevedra, Ferrol og Santiago de Compostela, som er hovudstad og erkebispesetet.

Klima endre

Vêret i Galicia er i stor grad dominert av nærleiken til Atlanterhavet med milde temperaturar året rundt. Santiago de Compostela har i snitt 100 regndagar i året. Dei indre områda, særleg i fjellområda i Ourense og Lugo, får ein del frost og snøfall om vinteren.

Om sommaren er temperaturen høg og dei tette skogane fører ofte til skogbrannar. Skogbrannane sommaren 2006 var særleg ille og fleire titusen hektar brann medan himmelen var svart av røyk.

Historie endre

 
Katedralen Santiago de Compostela
 
Illustrasjon frå eit Cantigas de Santa Maria-manuskript.

Namnet Galicia kjem frå det latinske namnet Gallaecia, knytt til namnet på ei eldgammal keltisk stamme som levde ovanfor elva Douro.

Før den romerske invasjonen levde ei rekkje stammer i regionen og i følgje Strabius, Plinius den eldre, Herodotus og andre delte dei liknande keltiske skikkar.

Området vart først innteke av romerske legionar under Decimus Junius Brutus i 137–136 f.Kr.,[3] men provinsen vart berre delvis romanisert i tida under Augustus.

På 400-talet e.Kr. fall Galicia til suevane i 411, som danna det første mellomalderske kongedømet i Europa etter at Romarriket fall. I 584 invaderte den vestgotiske kong Leovigild det sueviske kongedømet Galicia og tok det inn under vestgotisk kontroll. I denne perioden vart eit britisk kolonibispedøme oppretta i Nord-Galicia (Britonia) og folkesett av britiske kolonistar som rømde frå den anglo-saksiske invasjone. Under den mauriske invasjonen av Spania (711-718) klarte aldri maurarane å få skikkeleg kontroll over Galicia og situasjonen heldt seg slik fram til 739, då Alfonso I av Asturias klarte å drive dei ut og Galicia vart assimilert med Kongedømet Asturias.

På 800- og 900-talet gav grevane i Galicia berre delvis støtte til kongedømet og normannarar og vikingar plyndra ofte kysten deira. Tårna i Catoira[4] (Pontevedra) vart bygd som eit system for å verne seg mot vikingtokta på Santiago de Compostela.

I 1063 delte Ferdinand I av Castilla kongedømet sitt mellom sønene sine. Galicia vart tildelt Garcia II av Galicia. I 1072 vart det under tvang annektert til broren til Garcia, Alfonso VI av Castilla og frå den tid var Galicia ein del av Kongedømet Castilla y Leon, men hadde forskjellig grad av sjølvstyre.

Den siste episoden av det galiciske sjølvstyret var familiekonflikten mellom Isabella I av Castilla og Joanna La Beltraneja («dotter av Beltrán» og må ikkje forvekslast med Joanna den galne). Ein trudde at Joanna var ei uekte dotter av Beltrán og den tidlegare dronninga (derfor namnet Beltraneja). Ein politisk kamp følgde og adelen som støtta Joanna (det meste av aristokratiet i Galicia) tapte. Dette gav Isabella fri bane til å starte ein prosess ho kalla «Doma y Castración del Reino de Galicia», altså «Temminga og kastreringa av kongedømet Galicia»

På 1800-talet oppstod regionalistiske og føderalistiske rørsle. Frå 1916 og gjennom 1920-åra utvikla desse seg til ei full nasjonalistisk rørsle. Etter Den andre spanske republikken vart erklært i 1931, vart Galicia ein autonom region etter ei folkeavstemming. Under regimet til Francisco Franco, som sjølv var frå Galicia og Ferrol frå 1936 til 1975, vart sjølvstyret oppheva. Franco-regimet undertrykte all offisiell bruk av det galiciske språket. Det siste tiåret under Franco oppstod ei ny nasjonalistisk kjensle i Galicia.

Etter overgangen til demokrati på slutten av 70-talet fekk Galicia attende sjølvstyret sitt i Spania.

Biletgalleri endre

Kjelder endre

  1. Historia Francorum. Gregorio de Tours.
  2. Ein guide til klima, geografi, natur og dyreliv i Galicia
  3. Livius lv., lvi., Epitome
  4. Viking Festival

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Galicia i Spania