Eterar
(Omdirigert frå Eter i kjemi)
Innan organisk kjemi er eterar eit samleomgrep for stoff med minst eitt oksygen-atom med to einskildbindingar til alkylgrupper.
Nomenklatur
endreSom namn på eterar nyttar ein oftast stoffgruppenamnet. Ein gjev opp alkylgruppene på kvar side av oksygen-atomet i alfabetisk rekkefølgje og legg til ordet eter. Såleis vert CH3-CH2-O-CH2-CH3 kalla dietyleter. Dette er den meste kjende eteren, og blir ofte berre kalla «eter».
Framstilling
endreEin kan framstille eterar ved kondensasjonsreaksjonar. Da reagerer to alkoholmolekyl med kvarandre og spalter av vatn.
Eigenskapar
endreEtermolekyla kan ikkje danne hydrogenbindingar med kvarandre og ein eter og har derfor eit relativt lågt kokepunkt. Eterar er gode løysemiddel for upolare bindingar.