Kondensasjonsreaksjon

Ein kondensasjonsreaksjon er ein kjemisk reaksjon der to molekyl reagerer og dannar ei kovalent binding og eit lite molekyl. Dette er ofte vatn, metanol eller eit hydrogenhalid som t.d. HCl.

Ein alkohol og ei karboksylsyre kan reagera på denne måten og danna ein ester.

Mange polymerar vert danna ved ein kondensasjonsreaksjon. Dette gjeld mellom anna nylon.

Eksempel på kondensasjonsreaksjon. Her vert det danna to vassmolekyl

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.