Eugen Onegin

russisk versroman
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå operaen Eugen Onegin.

Eugen Onegin eller Jevgenij Onegin (Евгений Онегин) er ein verseroman i åtte kapittel skriven av Aleksandr Pusjkin og gjeven ut i perioden 18231831. Handlinga føregår i Russland i 1820-åra.

Eugen Onegin
Евгений Онегин

Forfattar(ar)Aleksandr Pusjkin
Språkrussisk
Blei til1823
Sjangerverseroman
Utgjeven1825
Hovudpersonen Eugen Onegin teikna av Pusjkin sjølv.

Verseromanen er rekna som eit meisterverk innan russisk litteratur. Med denne innvarsla Pusjkin tida for den store realistisk-poetiske romanen. For fyrste gong dukka det opp ein type menneske som det fanst tusenvis av også i det verkelege samfunnet – framfor alt er dandyskikkelsen Eugen Onegin prototype for det overflødige mennesket (Лишний человек, lisjnij tsjelovek), eit motiv som blei ein gjengangar i russisk litteratur. Realismen speglar seg også i dei meir enn eit hundre bifigurane.

Eugen Onegin består nesten heilt og haldent av 389 strofer som alle føljger strikt jambisk tetrameter, iblant omtalt som Onegin-strofen. Som sonetter har kvar strofe 14 jambiske rader, medan rimmønsteret alltid er det same: AbAbCCddEffEgg, der versalane viser til eit kvinneleg rim og gemenane til eit mannleg. Betoningane ligg alltid på dei jamne stavingane – andre, fjerde, sjette, åttande. Radene med kvinnelege rim har ni stavingar, dei med mannlege har åtte.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eugen Onegin
Litteratur
  • Aleksandr Pushkin, London 1964, Princeton 1975, Eugene Onegin a novel in verse. Translated from Russian with a commentary by Vladimir Nabokov ISBN 0-691-01905-3
  • Alexander Pushkin, Penguin 1979 Eugene Onegin a novel in verse. Translated by Charles Johnston, Introduction and notes by Michael Basker, with a preface by John Bayley (Revised Edition) ISBN 0-14-044803-9
  • Alexandr Pushkin, Basic Books; New Ed edition, Eugene Onegin: A Novel in Verse Oversatt av Douglas Hofstadter ISBN 0-465-02094-1
  • Jurij Lotman: Пушкин. Биография писателя. Статьи и заметки. Online: [1].
  • A.A. Beliy, «Génie ou neige», "Voprosy literaturi", n. 1, Moskva 2008, s. 115.