Eugene Olaussen

norsk politikar

Ansgar Eugène Olaussen (27. desember 188722. januar 1962) var ein norsk pressemann og politikar, fødd i Horten og oppvaksen i Moss. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet til 1923, sidan tingmann ut 1924 og medlem for Norges Kommunistiske Parti til 1927. Frå 1928 aktiv for Fedrelandslaget. Under 2. verdskrigen var han talsmann for nasjonalsosialismen, utan å vere medlem i Nasjonal Samling.

Eugene Olaussen

Fødd27. desember 1887
Tønsberg
Død22. januar 1962 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti (1923; 1927), Høgre, Nasjonal Samling
Yrkepolitikar, redaktør
MedlemNorges Socialdemokratiske Ungdomsforbund
Norges Kommunistiske Ungdomsforbund
Fedrelandslaget
Alle verv

Liv og gjerning

endre

Olaussen var utdanna typograf. Han tok initiativet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, og redigerte talerøret Klassekampen frå 1911 til 1921. Olaussen var ein både talefør og skrivefør agitator for den radikale retninga innafor arbeidar-rørsla. Han var elles ein omstridd person i rørsla, nytta gjerne eit krast språk mot meiningsmotstandarar og førte ein kontroversiell stil. Ei tid var han fylkesleiar i Det norske Arbeidarparti og såleis sentralstyremedlem.

I Moskva i 1921 deltok Olaussen på Kominterns 3. kongress. Han vart vald inn på Stortinget 1922-24. Etter partisplittinga hausten 1923 fylgde han NKP. I 1924 vart han dømd til fengsel i 75 dagar, i januar 1926 måtte han sone 120 dagar i fengsel

Frå 1928 sokna Olaussen politisk til Fedrelandslaget, etter å ha fjerna seg frå NKP-linja. 1930-åra vart ei vanskeleg tid for han. Han var utan fast jobb og hadde vanskar med å forsørgje familien, drakk mykje alkohol. Under den andre verdskrigen var han «en aktiv og troende nasjonalsosialist», men medlem i Nasjonal Samling fekk han ikkje verte. I samband med landsvik-oppgjeret vart han dømt til 2,5 år i fengsel.

Kjelder

endre