Europameisterskapen i turn 1971/Kvinner
Europameisterskapen i turn 1971 for kvinner, den åttande i rekka, vart avvikla i Minsk i dåverande Sovjetunionen dagane frå 15. til 17. oktober. I meisterskapen vart det tevla i firkamp og i fire apparatfinalar.
Utøvarar frå 21 ulike land deltok i meisterskapen.
Tamara Lazakovitsj og Ljudmila Turisjtsjeva, begge Sovjetunionen, delte sigeren i mangekampen. Dei vann òg kvar sine to gullmedaljar i apparat-finalane, Lazakovitsj i bom og skranke, Turisjtsjeva i frittståande og hopp. Dei norske deltakarane Unni Holmen og Jill Schou vart høvesvis nummer 22 og 23.
Mangekamp
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Tamara Lazakovitsj | Sovjetunionen | ||
Ljudmila Turisjtsjeva | Sovjetunionen | 38,85 | |
Erika Zuchold | Aust-Tyskland | 38,30 | |
4 | Ilona Békési | Ungarn | |
Soňa Brázdová | Tsjekkoslovakia | 37,65 | |
6 | Angelika Hellmann | Aust-Tyskland | 37,30 |
7 | Jutta Oltersdorf | Vest-Tyskland | 36,90 |
8 | Uta Schorn | Vest-Tyskland | 36,80 |
Apparatfinalar
endreFrittståande
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Ljudmila Turisjtsjeva | Sovjetunionen | 19,65 | |
Tamara Lazakovitsj | Sovjetunionen | 19,40 | |
Erika Zuchold | Aust-Tyskland | 19,25 |
Hopp
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Ljudmila Turisjtsjeva | Sovjetunionen | 19,60 | |
Tamara Lazakovitsj | Sovjetunionen | 19,55 | |
Erika Zuchold | Aust-Tyskland | 19,50 |
Skranke
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Tamara Lazakovitsj | Sovjetunionen | 19,35 | |
Ljudmila Turisjtsjeva | Sovjetunionen | 19,20 | |
Angelika Hellmann | Aust-Tyskland | 19,00 |
Bom
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Tamara Lazakovitsj | Sovjetunionen | 19,20 | |
Ljudmila Turisjtsjeva | Sovjetunionen | 19,15 | |
Erika Zuchold | Aust-Tyskland | 19,00 |
Kjelder
endre- Sportsboken 1971. Norsk kunstforlag. Oslo 1971.