Tamara Lazakovitsj

Tamara Vasiljevna Lazakovitsj (11. mars 19541. november 1992) var ein sovjetisk turnar som vann tre gullmedaljar under europameisterskapen 1971, samt gull i lagkamp både ved Turn-VM 1970 og Sommar-OL 1972.

Tamara Lazakovitsj


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. mars 1954
Gusevo, Kaliningrad Oblast
Død 1. november 1992 (38 år)
Vitsiebsk
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's floor
Utmerkingar Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Saman med mellom andre Ljudmila Turisjtsjeva turna ho Sovjetunionen til triumf i lagkampen ved verdsmeisterskapen i Ljubljana hausten 1970. Under Turn-EM 1971 delte dei to fyrsteplassen i mangekampen. I tillegg vann Lazakovitsj både bom og skranke, og ho tok sølv i frittståande og hopp. I dei olympiske sommarleikane i München i 1972 var ho best av alle då Sovjetunionen sigra i lagkampen. Sidan i leikane tok ho sølv i bom-øvinga og bronse i så vel mangekamp som frittståande.

Lazakovitsj budde i Vitebsk, der ho enda opp som alkoholikar og sat fengsla fleire år for tjuveri. 38 år gammal døydde ho av alkoholisme.

Kjelder

endre