Europameisterskapen på skeiser 1947

Europameisterskapen på skeiser 1947 for menn vart avvikla på Stockholms stadion i Stockholm torsdag 6. og fredag 7. februar 1947. Meisterskapen vart arrangert som liten firkamp, med 3 000 meter i staden for 10 000 m. 27 utøvarar frå 8 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Nordmennene var Henry Andreassen, Sverre Farstad, Aage Johansen, Yngvar Karlsen og Leif Martinsen. Deltakarane elles kom frå Danmark, Finland, Nederland, Polen, Storbritannia, Sverige, Tsjekkoslovakia.

Åke Seyffarth frå Sverige vart europameister med stor margin til nummer 2, landsmannen Göthe Hedlund, norske Sverre Farstad kom på tredjeplass. Harald Janemar gjekk fortast på 500 meter, sigeren på dei hine distansane gjekk elles til Seyffarth på 3 000 m, Farstad på 1500 m og Hedlund på 5 000 m.

Skeise-EM 1947Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Åke Seyffarth   Sverige 193,186
  Göthe Hedlund   Sverige 194,807
  Sverre Farstad   Noreg 195,433
4 Yngvar Karlsen   Noreg 196,847
5 Harald Janemar   Sverige 197,083
6 Aage Johansen   Noreg 197,377
7 Bengt Malmsten   Sverige 197,406
8 Lassi Parkkinen   Finland 198,260
9 Leif Martinsen   Noreg 198,447
10 Kalevi Laitinen   Finland 200,470

Dato: 6./7. februar 1947

KjelderEndra