Europameisterskapen på skeiser 1962

Europameisterskapen på skeiser 1962 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 3. og 4. februar 1962. 35 utøvarar frå 12 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Knut Johannesen, Edmond Lundsten, Magne Thomassen, Finn Thorsen og Nils Aaness. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Danmark, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Sovjetunionen, Storbritannia, Sveits, Sverige, Vest-Tyskland.

Robert Merkulov frå Sovjetunionen vart europameister, franskmannen André Kouprianoff kom på andreplassen. Merkulov vann også 5 000-meteren, hans landsmenn Jevgenij Grisjin og Boris Stenin sigra på høvesvis 500 m og 1500 m. Norske Knut Johannesen fekk bestetid på mila.

Skeise-EM 1962Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Robert Merkulov   Sovjetunionen 188,163
  André Kouprianoff   Frankrike 188,455
  Boris Stenin   Sovjetunionen 188,945
4 Henk van der Grift   Nederland 189,203
5 Knut Johannesen   Noreg 189,878
6 Günther Traub   Vest-Tyskland 190,918
7 Valerij Kotov   Sovjetunionen 191,468
8 Terry Monaghan   Storbritannia 191,597
9 Eduard Matusevitsj   Sovjetunionen 192,363
10 Keijo Tapiovaara   Finland 192,367
11 Nils Aaness   Noreg 192,425
12 Magne Thomassen   Noreg 192,465
13 Ivar Nilsson   Sverige 193,055

Dato: 3./4. februar 1962

KjelderEndra