Finn Thorsen

norsk fotballspelar og skeiseløpar

Finn Thorsen (fødd 10. mars 1940)er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Hamar, mest kjend som fotballspelar, var også aktiv skeiseløpar nokre år. Mellom 1962 og 1971 spelte han 48 landskampar for Noreg på midtstopparplass.

Finn Thorsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mars 1940 (84 år)
Hamar kommune
Yrke fotballspelar, skøyteløpar, fotballtrenar

Thorsen var i yngre år like kjend for sine prestasjonar på skeisebana, som på fotballbana. I 1959 vart norsk juniormeister i skeiseløp, som medlem av Hamar Idrettslag. Den 16. september 1962 debuterte han som midtstoppar (senterhalf) for Noreg på Ullevaal stadion, ein landskamp som enda med norsk siger 2-1 over Sverige.

Vinteren 1963 vart hans siste på skeiser, og han melde overgang frå fotballavdelinga i Hamarkameratene til IK Skeid våren 1963. Gjennom fem sesongar i osloklubben vann han to cupgull og var sentral då Skeid vann sitt einaste seriegull i 1966. Då Hamarkameratene i 1968 var på plass i 2. divisjon, vende han tilbake til fødebyen. Sesongane 1970-73 spelte Thorsen og Hamarkameratene i 1. divisjon, den fyrste sesongen kom laget på bronseplassen i serien.

Thorsen spelte 48 landskampar for Noreg i tida fram til 1971. Han var med både då Skottland vart slått 4-3 i Bergen i 1963 og i 3-0-sigeren over Jugoslavia i 1965. Thorsen var «en sikker og elegant stopper, eksemplarisk ren i taklingene og presis i avleveringene».[1]

Merittar endre

  • Norsk meister: 1963 og 1965 med Skeid
  • Seriemeister: 1966 med Skeid

Kjelder endre

  1. Magnus Breili: Fotballboken. 1967