Opna hovudmenyen

Robert Viktorovitsj Merkulov (fødd 9. august 1931) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart europameister i 1962.

Robert Merkulov
Fødd 9. august 1931
Moskva
Yrke skøyteløpar

Merkulovs meisterskapsdebuterte med ein åttandeplass ved VM 1954 i Sapporo. Under VM i Oslo to år seinare kom han i mål 0,9 sekund for seint på den avsluttande 10000-meteren til å verte verdsmeister, landsmannen Oleg Gontsjarenko stakk av med laurbærkransen. Tidlegare i OL-sesongen 1956 vart Merkulov nummer fire i EM og nummer fem på 1500 meter under vinterleikane i Cortina d'Ampezzo.

Ved den neste skeiseverdsmeisterskapen i Oslo, vinteren 1959, kom Merkulov på bronseplassen bakom den finske duoen Juhani Järvinen og Toivo Salonen. Til EM 1962, også den meisterskapen fann stad på Bislett stadion i Oslo, kom ikkje Merkulov som favoritt. Men både han og den store overraskinga, franske Andre Kouprianoff, gjekk fire gode løp og la beslag på dei to øvste plassane på sigerspallen, med Merkulov aller øvst.

Merkulov la opp etter 1963-sesongen.

KjelderEndra