Europameisterskapen på skeiser 1984/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1984 for menn vart avvikla i Larvik laurdag 21. og sundag 22. januar 1984. 30 utøvarar frå 12 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Rolf Falk-Larssen, Geir Karlstad, Bjørn Nyland og Tom Erik Oxholm. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Finland, Frankrike, Italia, Nederland, Polen, Romania, Sovjetunionen, Sverige, Vest-Tyskland.

Hilbert van der Duim frå Nederland forsvarte meistertittelen frå førre europameisterskap, han var også bestemann av alle på 500-meter. Hans van Helden, som representerte Frankrike, vann 1500, medan Sovjetunionens Igor Malkov sigra på 5 000 m og svensken Tomas Gustafson på 10 000 m.

Skeise-EM 1984Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Hilbert van der Duim   Nederland 168,142
  Rolf Falk-Larssen   Noreg 169,071
  Frits Schalij   Nederland 169,097
4 Andreas Ehrig   Aust-Tyskland 169,206
5 Tibor Kopacs   Romania 169,260
6 Hans van Helden   Frankrike 169,460
7 Tomas Gustafson   Sverige
Yep Kramer   Nederland 169,986

Dato: 21./22. januar

KjelderEndra