Rolf Falk-Larssen

norsk skeiseløpar

Rolf Falk-Larssen (fødd 21. februar 1960) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Trondheim. Han vart verdsmeister på skeiser i 1983 og vann fem norske meisterskap i tida 1982-88. Falk-Larssen var medlem av Trondhjems Skøiteklub.

Rolf Falk-Larssen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1960 (64 år)
Trondheim
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984

Utmerkingar

Olavstatuetten, Oscarstatuetten

Falk-Larssen slo gjennom i 1982-sesongen med andreplass under EM i Oslo, fattige 0,021 poeng bakom europameister Tomas Gustafson frå Sverige. Fire veker seinare kom han på tredjeplassen i firkamp-VM i Assen, før han i mars månad på Oppdal vann den fyrste av fire strake NM-titlar i firkamp.

Helga 12. og 13. februar 1983 gjekk Falk-Larssen heilt til topps under VM i firkamp på Bislett stadion. Etter å ha vunne dei tre fyrste distansane hadde han sikra seg VM-tittelen. Han fullførte meisterskapen med ein svak 10 000 meter, og opplevde som hittil einaste norske skeise-verdsmeister å verte bua ut for innsatsen. I 1984 vart han for andre og siste gong nummer to i EM på skeiser, og som to år tidlegare var Hilbert van der Duim hans overmann.

Falk-Larssen heldt fram på det norske landslaget til 1988, utan han nådde opp i internasjonale tevlingar.

Kjelder endre