Europameisterskapen på skeiser 1987/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1987 for menn vart avvikla på Leangen stadion i Trondheim laurdag 24. og sundag 25. januar 1987 31 utøvarar frå 13 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg. Dei norske utøvarane var Rolf Falk-Larssen, Geir Karlstad, Bjørn Nyland og Tom Erik Oxholm. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Aust-Tyskland, Finland, Frankrike, Italia, Jugoslavia, Nederland, Sovjetunionen, Sveits, Sverige, Tsjekkoslovakia, Vest-Tyskland.

Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen vart europameister på suverent vis. Han var også bestemann på dei kortaste distansane, på dei to lengste la norske Geir Karlstad beslag på fyrsteplass.

Skeise-EM 1987Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Nikolaj Guljajev   Sovjetunionen 168,305
  Michael Hadschieff   Austerrike 170,515
  Hein Vergeer   Nederland 170,663
4 Geir Karlstad   Noreg 170,679
5 Leo Visser   Nederland 171,370
6 Andrej Jermolin   Sovjetunionen 171,754
7 Ildar Garajev   Sovjetunionen 172,203
8 Roland Freier   Aust-Tyskland 172,503,

Dato: 24./25. januar

KjelderEndra