Nikolaj Guljajev

Nikolaj Aleksejevitsj Guljajev (fødd 1. januar 1966) er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart i 1987 både europameister og verdsmeister i firkamp, året etter vart han olympisk meister på 1000 meter.

Nikolaj Guljajev

Nikolay Gulyayev 2015 WCh t184811.jpg

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. januar 1966 (57 år)
Vologda
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1000 meter herrer

Utmerkingar

Oscarstatuetten, «Arbeidets helt«-medaljen, Fortjent trener i Russland, Idrettens mester i Sovjetunionen

Guljajev kom på femteplassen då EM 1986 vart avvikla på Bislett stadion i Oslo. Vinteren 1987 vann han både EM i Trondheim og verdsmeisterskapen i Heerenveen. Den 15. februar tok han heim VM-tittelen etter fyrst å ha sett verdsrekord med 1.52,70 på 1500 m og deretter verdsrekord i firkampen med 159,356 tidspoeng.

I januar 1988 vart Guljajev hekta for å ha forsøkt smugla 700 tablettar av eit anabolt steroid, og fekk ikkje høve til å delta i EM og VM. Under Vinter-OL 1988 i Calgary sikra han seg derimot sigeren på 1000 meter med tida 1.13,03, høvesvis åtte og seksten hundredels sekund framom Uwe-Jens Mey og Igor Zjelesovskij. På 1500-meteren enda han på sjuandeplassen.

Etter Calgary-OL makta ikkje Guljajev å hevde seg i internasjonale firkamp-meisterskap. Han satsa meir på sprintdistansane, der ein sjuandeplass i sprint-VM 1992 var han beste plassering før han la opp same året.

KjelderEndra