European Soundmix Show
European Soundmix Show var ei talenttevling som vart arrangert frå 1996 til 1999, med to spesielle show i 2001 og 2002.
Showet vart ein internasjonal versjon av Joop van den Ende si musikktevling, Henny Huisman Soundmixshow, som vart sendt på nederlandsk fjernsyn fyrste gong i 1985.
Ulike europeiske land tevla med ein deltakar kvar som skulle etterlikne ein berømt artist. Vinnaren vart vald av ein jury. Kvart land sende to jurymedlemmar, med unntak av i 1996 då det berre var éin, som gav fem, tre, to, og eitt poeng til dei fire landa dei syntest var flinkast.
Deltakarar
endreÅr | Land som debuterte i tevlinga |
---|---|
1996 | Belgia, Danmark, Italia, Nederland, Noreg, Portugal, Spania, Storbritannia, Sverige, Tyskland |
1998 | Polen, Ungarn |
2002 | Irland |
Vinnarar
endreÅr | Vertsby og -land | Land | Artist | Imitert artist |
---|---|---|---|---|
1996 | Amsterdam i Nederland | Tyskland | Bianca Shomburg | Céline Dion |
1997 | Amsterdam i Nederland | Nederland | Edsilia Rombley | Oleta Adams |
1998 | Amsterdam i Nederland | Portugal | Carlos Bruno | Michael Stipe (R.E.M.) |
1999 | Amsterdam i Nederland | Nederland | Cherwin Muringen | Seal |
2001 | Manchester i Storbritannia | Belgia | Sonny Oroir | Céline Dion |
2002 | Manchester i Storbritannia | Irland | Rebecca O'Connor | Tina Turner |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «European Soundmix Show» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2012.