Edsilia Rombley

nederlandsk songar

Edsilia Francisca Rombley (fødd 13. februar 1978) er ein nederlandsk songar fødd i Amsterdam. Ho vart kjend i 1996 då ho deltok i Soundmixshow, den nederlandske versjonen av Stjerner i sikte. Ho har representert Nederland i Eurovision Song Contest to gongar: i 1998 og 2007. I desember 2019 vart ho presentert som ein av tre programleiarar til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam. Tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020, og ho vart i staden utvald til å leia programmet i 2021.[1][2]

Edsilia Rombley

Fødd13. februar 1978 (46 år)
FødestadAmsterdam
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv1995–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, programleiar, skodespelar
Gift medTjeerd Oosterhuis

Bakgrunn endre

Rombley vart fødd 13. februar 1978 i Amsterdam. Foreldra kjem frå Aruba og Curaçao (Dei nederlandske Antilleane). Ho starta karrieren i 1995 som ein del av gruppa Dignity saman med Gracia Gorré, Karima Lemghari og Susan Haps. Namnet Dignity var ei forkorting for «Dignified Individuals Giving New Insight To You». Året etter gav dei ut singlane «Talk to Me» og «Hold Me» frå samlealbumet No Sweat, som begge gjekk inn på dei nederlandske hitlistene. I 1996 vann ho den europeiske finalen av European Soundmix Show med ein coverversjon av Oleta Adams sin «I Just Had to Hear Your Voice». Sigeren gjorde ho kjend over natta. Same år forlét ho gruppa Dignity og gav ut sin fyrste solosingel, «Baby It's You». I 1997 spelte ho inn sitt fyrste album, Thuis.[3]

I 1998 vann Edsilia den nederlandske songtevlinga Nationaal Songfestival med songen «Hemel en aarde» (himmel og jord). Ho fekk dimed representere Nederland i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham i Storbritannia. I finalen hamna ho på fjerdeplass, den beste plasseringa til Nederland sidan 1975, då Teach-In vann med «Ding-a-dong». Ho slapp eit engelskspråkleg album like etter, og deretter oppfølgjaralbumet Face to Face i 2002. Albumet fekk avgrensa suksess.

I 2004 drog Rombley på turné saman med jazzpianisten Michiel Borstlap, og i 2005 drog ho på turné med det nederlandske riksteateret med showet Van Jongs Af Aan.[4] I 2006 deltok Rombley i Dancing with the Stars – den nederlandske versjonen av Skal vi danse. Ho rauk ut av tevlinga i den fjerde veka.

I juni 2006 slapp Rombley singelen «Dan bein ik van jou», og fleire singlar vart slopne året etter. I 2007 representerte ho Nederland på ny i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors med songen «On Top of the World», men vart slått ut i semifinalen. Ho las òg dei nederlandske poenga i 1999 og 2015, og i 2007 saman med programleiaren Paul de Leeuw.

Rombley var programleiar for talentprogrammet Beste Zangers på tv-kanalen AVROTROS. Ho har til saman vore med på sju ulike teaterturnear, og årleg sidan 2014 har ho opptredd som ein del av gruppa Ladies of Soul. I 2019 var ho vert for det nederlandske konsertshowet Eurovision in Concert, ei oppgåve ho òg skulle hatt i 2020.[5]

I 2019 vart Rombley vald til å leie Eurovision Song Contest 2020 saman med skodespelaren Chantal Janzen og songaren Jan Smit. 18. mars 2020 vart tevlinga avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I mai 2020 leidde ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light, og ho vart utvald til å leia Eurovision Song Contest 2021.[6]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  2. «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020. 
  3. «Edsilia Rombley Biography, Discography, Chart History». Henta 4. desember 2019. 
  4. «Now & Then :: Edsilia Rombley» (på nederlandsk). Henta 4. desember 2019. 
  5. «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. 4. desember 2019. Henta 4. desember 2019. 
  6. «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020.