Eva Marie Lange (15. juni 194412. mai 2017) var ein norsk teiknar, grafikar og kunstmålar, fødd i Arendal, død på Hvaler. Ho var elev av kunstnaren Carl Victor Lind i Horten i perioden 1959–1960; hospitant på litografisk verkstad ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo under Karl Høgberg og Chrix Dahl i perioden 1963–1965, Eystein Hanche-Olsen i perioden 1977-1979, og ved Statens Kunstakademi i Oslo i åra 1965-1969 under Aage Storstein og Alf-Jørgen Aas.

Eva Lange

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1944
Arendal
Død

12. mai 2017 (72 år)
Hvaler

Yrke teiknar, kunstmålar, grafikar
Ektefelle Victor Lind

Eva Lange var opphavleg teiknar som nytta eit naturalistisk formspråk, men tok til å arbeide med grafikk då ho studerte på Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Då ho i samarbeid med Victor Lind arbeidde med ulike dekorasjonsprosjekt, vart ho interesserte i å uttrykke seg i abstrakte former i glas, og debuterte i 1967 på Haustutstillinga med eit materialbilete. Ho var med i kunstnarkollektivet Gras, som eksisterte mellom årsskiftet 1969/70 og hausten 1973

Ho har hatt ei lang rad separat- og kollektivutstillingar i fleire land, og er innkjøpt til fleire offentlege kunstgalleri og privatsamlingar i Noreg og utlandet.

I 1989 busette ho og sambuaren seg på eigedomen «Knatten» på Asmaløy i Hvaler kommune, i huset etter forfattarane Annemarta og Johan Borgen. Her arbeidde ho og skipa dessutan til framsyningar av biletkunst og framføringar av poesi og musikk. Ho var med på å skipe Hvaler Kunstforening, og har vore leiar av foreininga og av skulpturprosjektet StenKunstHvaler i Ytre Hvaler nasjonalpark på Røsshue på Kirkøy.

Kjelder

endre