Eva Ramm

norsk forfattar

Eva Ramm (fødd 23. november 1925) er ein norsk psykolog og forfattar, kanskje best kjend for boka Med støv på hjernen, og for sine teoriar om eit fleirsidig eg.[1]

Eva Ramm
Fødd 23. november 1925 (95 år)
Bergen
Yrke skribent, psykolog

I 1948 flytta Eva Ramm til Oslo. Her gifta ho seg med Wilhelm Ernst Ramm. Ho fekk graden cand.psychol. ved Universitetet i Oslo i 1955. Deretter var ho lenge bosatt på Nesodden, der ho var skolepsykolog 1957-71 og lokalpolitikar i same tidsrom.

Etter redaktørjobb i fagtidsskriftet Sykepleien var ho tilsett som psykolog ved Arbeidspsykologisk kontor i Fredrikstad 1980–82, og rådgjevar ved Oslo skoleetat 1984–88. Sidan har ho vore sjølvstendig praktiserande og ofte delteke i avis og fjernsyn. Ho har hatt fleire verv, mellom anna som leiar i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere 1970–72, i Kulturveteranene i Norge 1991–92 og i Kulturveteranene i Oslo 1990–92 og i Kultur over seksti 1992–95.[2]

Eva Ramm er mor til Hans Henrik Ramm (f. 1950) og Lillebil Ramm (f. 1963).

Prisar og utmerkingarEndra

BibliografiEndra

  • Med støv på hjernen (Aschehoug, 1958). Roman, omsett til tysk, hollandsk, finsk, dansk, svensk, islandsk. Filmet, norsk og dansk versjon.
  • Engel på vidvanke (Aschehoug 1962), roman.
  • Kvinnekall og mannefall (Aschehoug 1965), roman. Omsett til tysk og finsk.
  • Noe må gjøres (Damm 1968), ungdomsbok.
  • En gang var himmelen blå (Aschehoug 1970), framtidsroman.
  • Mors tre hoder (Aschehoug 1973), roman.
  • Ærlig talt! (Aschehoug 1975), ungdomsbok.
  • Fra tro til virkelighet (Aschehoug 1976), selvbiografisk dokumentar.
  • Stemmen (Aschehoug 1978), roman.
  • Jeløyvandringer (Moss Avis 1980).
  • Kjære Sokrates (Aschehoug 1981), historisk roman.
  • Elskeren Jeshua (Solum 1985), historisk roman.
  • Skynd deg, min elskede (Aschehoug 1986), kriminalroman.
  • Epleslang i Eden (Lanser 1989), essaysamling, dikt.
  • Mord i prestens hage (Solum 1992), kriminalroman.
  • Det plurale jeg. Normalt å være spaltet? (Aschehoug 1995), fagbok
  • Psykiatri til å bli gal av! (Lanser 2002), fagpsykologisk debattbok.
  • Den trehodete guden og sønnene hans (Kolofon 2005), religionskritisk debattbok.
  • Levende til stede (Lanser 2006), selvbiografi.
  • Livssyn uten religion (Kolofon 2008), debattbok.
  • Med støv på hjernen (Aschehoug, 2008), 50 års utvida utgåve.
  • Og psykiateren skapte mennesket (Kolofon 2010), sakprosa

ReferansarEndra

  1. «Eva_Ramm» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 80 år 23. november, forfatter og psykolog Eva Ramm i NTB (2.11.2005)

KjelderEndra