Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, forkorta NBU, er ei uavhengig foreining for barne- og ungdomsbokforfattarar. Ho skal ivareta norske barne- og ungdomsbokforfattarars faglige og økonomiske interesser, samt verne og fremme norsk barne- og ungdomslitteratur. NBU vert hovudsakleg finansiert gjennom bibliotekvederlag og kopieringsvederlag som vert fordelt gjennom Norsk Forfatter- og Oversetterfond (NFOF).
1. januar 2016 hadde NBU 334 medlemer. Omtrent 100 av medlemene var og med i Den norske Forfatterforening.
Historikk
endreForeininga vart stifta i 1947 som Ungdomslitteraturens forfatterlag (ULF). Initiativet kom frå Gunvor Fossum (1893–1958), Evi Bøgenæs (1906–85), Anka Borch (1899–1971), Eugenie Winther (1901–1975) , Margit Ravn (1885–1960) og Aimée Sommerfelt (1892–1975), alle forfattarar av såkalla «ungpikebøker». I 1951 ble Margit Ravn utnevnt som æresmedlem.
I 1994 skifta foreninga namn til Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere. Talet på medlemer det første året var 14, i 1960 60, i 1970 67, i 1996 189, og i 2011 er medlemstalet 282.
Leiarar
endre- 1947–1956: Gunvor Fossum
- 1956–1965: Aimée Sommerfelt
- 1965–1971: Ebba Haslund
- 1971–1973: Eva Ramm
- 1973–1977: Else Breen
- 1977–1979: Mette Newth
- 1979–1981: Oskar Stein Bjørlykke
- 1981–1983: Steinar Sørlle og Mette Newth
- 1983–1989: Inger Margrethe Gaarder
- 1989–1991: Tore Tveit
- 1991–1996: Øistein Hølleland
- 1996–1998: Per Olav Kaldestad
- 1998–2004: Dag Larsen
- 2004–2008: Kari Sverdrup
- 2008–2011: Sverre Henmo
- 2011–2017: Bjørn Ingvaldsen
- 2017–Taran L. Bjørnstad
«NBU-prisen» og «Trollkrittet»
endreSiden 1988 har NBU delt ut NBU-prisen som er ein årleg pris til «en person eller institusjon som har utført et prisverdig arbeid for barne- og ungdomslitteraturen».
«Trollkrittet», NBUs debutantpris, vart delt ut første gongen i 2011 for bokåret 2010.[1]
Referansar
endreBakgrunnsstoffr
endre- Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere
- Digital blakopi av Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold:Norsk barnelitteraturhistorie (Samlaget, 1997)
- Denne artikkelen bygger på «Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.