Grimm-brørne var dei to tyske eventyrsamlarane og språkforskarane Jacob og Wilhelm Grimm. Tidleg på 1800-talet gav brørne ut attforteljingar av europeiske folkeeventyr som er blitt kjende verda over, til dømes eventyra om Tornerose, Hans og Grete, Raudhette, Rottefangaren frå Hameln og Snøkvit.

Grimm-brørne avbilde av broren Ludwig Emil Grimm (1843).
Brørne Jacob og Wilhelm Grimm måla av Elisabeth Maria Anna Jerichau-Baumann i 1855.

Arbeidet deira inspirerte mellom anna Asbjørnsen og Moe til å samla inn norske folkeeventyr.

Utgjevingar

endre

Verk Grimm-brørne gav ut saman:

  • Die beiden ältesten deutschen Gedichte, 1812
  • Kinder- und Haus-Märchen (1. bind), 1812
  • Altdeutsche Wälder (3 bind), 1813-1816
  • Kinder- und Haus-Märchen (2. bind), 1815
  • Der arme Heinrich, 1815
  • Lieder der alten Edda, 1815
  • Deutsche Sagen (1. bind), 1816
  • Deutsche Sagen (2. bind), 1818
  • Kinder- und Haus-Märchen (3. bind, kommentarbind), 1822
  • Kinder- und Hausmärchen, Kleine Ausgabe (ett bind, illustrert av broren Ludwig Emil), 1825
  • Irische Elfenmärchen, 1826

Bakgrunnsstoff

endre