Forteljar er ein person som legg fram ei forteljing, anten i form av ei munnleg forteljing eller som ei forteljarstemme i eit ferdig laga verk.

Forteljar og tilhøyrarar i Kabul.
Spannende Geschichte. Måleri av Clemens von Franckenstein (1875-1942)

Ein forteljar kan vera den som fysisk fortel noko til ein eller fleire tilhøyarar som underhaldning eller overlevering av minne eller tradisjon. Ein slik forteljar kan ha forteljing som yrke eller rolle, eller berre gå inn i rolla ei kort tid.

I tradisjonelle forteljaryrke kan ein formidla nye eller nedarva forteljingar på vers eller prosa, gjerne sungne og akkompagnerte med musikkinstrument eller i lag med dramatiske verkemiddel. Nokre døme på slike forteljaryrke er den gamle greske rapsoden, den norrøne skalden, iransk naqqāl og vestafrikansk griot. I moderne tid kan folk ha roller som forteljarar på mellom anna i barnehagar, bibliotek, museum og på stand up-førestilling.

I dramatiske verk kan ei forteljarrolle gje bakgrunn, kontekst eller anna informasjon som er viktig for handling. I eit innspelt verk som film, fjernsyn, høyrespel eller annan audio kan forteljaren igjen binda saman stoffet eller forklara det som ikkje kjem tydeleg fram av opptaka.

Forteljaren kan også vera ei stemme i ei nedskriven forteljing. Denne forteljarstemma kan vera ein tydeleg person, i nokre høve også deltakar i forteljinga (personal forteljar), eller ein meir tilbaketrekt formidlar eller observatør (autoral forteljar).[1][2] Innan litteraturteori skil ein også mellom ulike forteljartyper, som ein allvitande forteljar, ein påliteleg eller upåliteleg forteljar og så bortetter.[3]

Kjelder endre

  1. KATJA BLIXRUD FROST; RAGNA MARIE TØRDAL; MARION FEDERL (24.08.2017). «Forteljemåte og verdiar i folkedikting og samtidstekstar». NDLA. 
  2. MARITA AKSNES; TORGRIM GRAM ØKLAND (04.03.2017). «Personal forteljar». NDLA. 
  3. MARITA AKSNES; TORGRIM GRAM ØKLAND (04.03.2017). «Påliteleg og upåliteleg forteljar». NDLA.