Everything Playing
Everything Playing Studioalbum av The Lovin' Spoonful | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1967 | |
Sjanger | Pop, folkrock | |
Lengd | 32:23 | |
Selskap | Kama Sutra | |
Produsent | Joe Wissert The Lovin' Spoonful | |
The Lovin' Spoonful-kronologi | ||
---|---|---|
You're a Big Boy Now (1967) |
Everything Playing | Revelation: Revolution '69 (1969)
|
Everything Playing er eit studioalbum av The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1967.
Historie
endreEverything Playing var det første albumet til gruppa med gitaristen Jerry Yester (som erstatta Zal Yanovsky), og det siste kommersielle albumet deira som kvartett. Frontmannen John Sebastian forlet gruppa i juni 1968 for å skipe ein solokarriere. Dette albumet er det einaste med ein song sungen av bassisten Steve Boone på solovokal: «Priscilla Millionaira».
Tre av songane nådde topp 40 på singellista i USA: «Six O'Clock», «She Is Still a Mystery» og «Money». John Sebastian song «Younger Generation» på Woodstockfestivalen, og dediserte han til ei kvinne som hadde fått eit barn under festivalen.[1]
Everything Playing kom ut på CD att i 2003 med tre bonusspor med alternative versjonar av songar frå albumet.
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Rolling Stone | (negativ)[3] |
I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlman «Då Sebastian ikkje var føre mikrofonen, kan synginga vere middels, og gruppa var ofte over heile kartet i forsøk på å skape sofistikert musikk, men plata var redda av songane og synging av Sebastian.»[2]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av John Sebastian, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «She Is Still A Mystery» | 3:01 |
2. | «Priscilla Millionaira» | 3:13 |
3. | «Boredom» | 2:25 |
4. | «Six O'Clock» | 2:43 |
5. | «Forever» (Steve Boone) | 4:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Younger Generation» | 2:42 |
7. | «Money» | 1:55 |
8. | «Old Folks» (Joe Butler) | 3:05 |
9. | «Only Pretty, What A Pity» (Butler, Jerry Yester) | 3:03 |
10. | «Try A Little Bit» | 3:06 |
11. | «Close Your Eyes» (Sebastian, Yester) | 2:47 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «She Is Still A Mystery» (alternativ versjon) | 3:11 |
13. | «Only Pretty, What A Pity» (alternativ versjon) | 2:57 |
14. | «Try A Little Bit» (alternativ versjon) | 3:02 |
Medverkande
endre- John Sebastian – vokal, gitar, plateomslag
- Steve Boone – bass, vokal
- Joe Butler – trommer, perkusjon, vokal
- Jerry Yester – gitar, banjo, vokal, klaverinstrument
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Everything Playing» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Fornatale, Pete. Back to the Garden: The Story of Woodstock. Touchstone, 2009, p. 51–52. ISBN 978-1-4165-9119-1.
- ↑ 2,0 2,1 Ruhlman, William. «Everything Playing > Review». Allmusic. Henta 23. mars 2019.
- ↑ Robert Greenburg. Rolling Stone. Vol. 1 No. 6. 24. februar 1968. p20, arkivert frå originalen 28. mars 2013, henta 23. mars 2019