Revelation: Revolution '69

Revelation: Revolution '69
Studioalbum av The Lovin' Spoonful
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Sjanger Pop, folkrock
Lengd 32:06
Selskap Kama Sutra
Produsent Bob Finiz (med «spesialassistanse» frå Joe Butler)
«Never Going Back» produsert av Chip Douglas
The Lovin' Spoonful-kronologi 
Everything Playing
(1967)
Revelation: Revolution '69


Revelation: Revolution '69 er det siste albumet til The Lovin' Spoonful, gjeve ut i 1969.

Historie endre

Revelation: Revolution '69 er det siste albumet til gruppa. Joe Butler tok over som songar og frontmann på dei fleste songane, etter at den tidlegare frontmannen og låtskrivaren John Sebastian slutta. Nesten alle songane på albumet er skriven av tre låtskrivargrupper: Garry Bonner og Alan Gordon (kjend for tidlegare songar for The Turtles); Ralph Dino og John Sembello; og produsenten Bob Finiz og Joe Butler. Butler skreiv òg ein song på eiga hand. Albumet inneheld òg «Never Going Back», som vart skriven av John Stewart og som vart gjeven ut på singel i 1968.

Albumet skulle opphavleg få tittelen Till I Run With You. Dei første trykka av albumet har denne tittelen på etikettane og ei framside med ei naken kvinne og ein naken Joe Butler som spring i lag med ei løve. Dette viste til den originale tittelen. Tittelsporet «Till I Run With You» kom ut på singel før albumet, men selde særs dårleg. Tittelen på albumet vart derfor endra.

Til slutt var tre songar frå albumet gjevne ut på singlar: «Never Going Back», «(Till I) Run With You» og «Me About You». «Never Going Back» nådde 73. plassen i USA, medan «Me About You» nådde 91. plassen.

Revelation: Revolution '69 kom ut på CD i 2008, berre i Japan, med tre bousspor. Det kom òg ut i 2011 i Storbritannia som ein del av plateboksen The Lovin' Spoonful: Original Album Classics.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Amazing Air»Bonner, Gordon2:50
2.«Never Going Back»John Stewart2:48
3.«The Prophet»Finiz, Butler2:45
4.«Only Yesterday»Dino, Sembello2:43
5.«War Games»Butler7:02
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«(Till I) Run With You»Gordon, Bonner2:52
7.«Jug of Wine»Dino, Sembello2:31
8.«Revelation: Revolution '69»Butler, Finiz2:29
9.«Me About You»Bonner, Gordon3:48
10.«Words»Dino, Sembello2:18
Bonusspor på 2008-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Revelation: Revolution '69» (singelutgåve/altenativ miks)2:28
12.«Revelation: Revolution '69» (singelutgåve/altenativ miks)2:17
13.«Me About You» (singelutgåve/altenativ miks)2:49

Medverkande endre

Kjelder endre