Evolution av The Hollies

Evolution
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1967
Innspelt 11. januar – 17. mars 1967
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Psykedelisk pop, freakbeat
Lengd 32:17
Selskap Parlophone PMC 7022 (Mono)/PCS 7022 (Stereo)
Epic LN 24315 (Mono)/BN 26315 (Stereo)
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
For Certain Because
(1966)
Evolution Butterfly
(1967)


Evolution er det første av to album frå 1967 av den britiske popgruppa The Hollies. Albumet nådde 13. plassen på den britiske albumlista..[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
The Village VoiceA–[2]

Bakgrunn endre

Som det førre albumet, For Certain Because, består dette albumet berre av songar skrivne av gruppemedlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks. Ingen av songane vart gjevne ut på singlar eller EP-ar i Storbritannia, men «Carrie Anne» frå den amerikanske albumutgåva vart gjeven ut på singel i USA. Trommelagaren Bobby Elliott spelte berre på tre av songane på albumet på grunn av blindtarmbetennelse, og vart erstatta av Dougie Wright, Clem Cattini og Mitch Mitchell frå The Jimi Hendrix Experience.[4]

Plateomslaget vart laga av The Fool, med eit psykedelisk foto av Karl Ferris, som skal ha vore den første til å ha teke eit psykedelisk fotografi for eit plateomslag.[5]

I 1978 gav Parlophone ut stereoversjonen av Evolution, i lag med Butterfly og Confessions of the Mind.

Songen «Have You Ever Loved Somebody?» vart gjeven ut tidlegare (i spetember 1966) av både The Searchers og Paul og Barry Ryan på singlar. Han vart først gjeven ut av The Everly Brothers på albumet Two Yanks in England.

Innspeling endre

Evolution og singlane frå denne tida vart spelte inn i EMI sitt Abbey Road Studios på berre seks dagar i løpet av ein tre månadersperiode tidleg i 1967, samstundes som The Beatles spelte inn Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Den første innspelingsdagen var 11. januar då «When Your Lights Turned On», «Have You Ever Loved Somebody» og B-sida «All the World is Love» vart fullført. Dei byrja òg på singelen «On a Carousel». Denne songen vart ferdig den neste innspelingsdagen, 13. januar, i lag med albumsporet «Lullaby to Tim». To songar sungne på italiensk, «Non prego per me» og «Devi avere fiducia in me» (førstnemnte skriven av Lucio Battisti og Mogol), vart òg spelt inn den dagen for ein singel i Italia. Den neste innspelinga 22. februar vart nytta til ytterlegare to songar for ein singel i Italia, «We're Alive» og «Kill Me Quick». «The Games We Play» og Graham Gouldman-songen «Schoolgirl» vart òg påbyrja denne dagen. Størsteparten av albumet vart spelt inn 3., 8. og 17. mars. Dei gjorde eit nytt forsøk på «Schoolgirl» den 8. mars, men denne vart til slutt skrinlagd. Dei siste songane for albumet vart spelte inn i juni med «Carrie Anne».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Then the Heartaches Begin»Clarke2:48
2.«Stop Right There»Nash2:28
3.«Water on the Brain»Clarke2:27
4.«Lullaby to Tim»Nash3:04
5.«Have You Ever Loved Somebody?»Clarke3:04
6.«You Need Love»Clarke and Nash2:32
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Rain on the Window»Clarke3:16
8.«Heading for a Fall»Clarke2:23
9.«Ye Olde Toffee Shoppe»Nash and Clarke2:22
10.«When Your Light's Turned On»Clarke and Nash2:37
11.«Leave Me»Clarke and Nash2:30
12.«The Games We Play»Clarke and Nash2:46

Amerikansk versjon endre

Evolution
Studioalbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve June 1967
Innspelt 11. januar – 17. mars 1967 (except 1. mai 1967 for «Carrie Anne»)
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Psychedelic pop, freakbeat
Selskap Epic LN 24315 (Mono)/BN 26315 (Stereo)
Produsent Ron Richards
Amerikansk The Hollies-kronologi 
The Hollies' Greatest Hits
(1967)
Evolution Dear Eloise / King Midas in Reverse
(1967)
Kanadisk The Hollies-kronologi
The Hits of The Hollies
(1967)
Evolution Love N' Flowers
(1967)


Evolution var òg namnet på det første albumet The Hollies gav ut for det nye amerikanske selskapet deira, Epic Records. Med så mange amerikanske utgåver av britiske album, vart dette albumet miksa på nytt med mykje ekko og klang. I tilleg vart tre av songane på albumet fjerna og berre «Carrie Anne» vart lagt til.

Plateomslaget nytta det same biletet som den britiske utgåva, men med anna skrift.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks, and Graham Nash.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Carrie Anne»2:54
2.«Stop Right There»2:23
3.«Rain on the Window»3:10
4.«Then the Heartaches Begin»2:41
5.«Ye Olde Toffee Shop»2:16
Side to
Nr.TittelLengd
6.«You Need Love»2:27
7.«Heading For a Fall»2:15
8.«Games We Play»2:45
9.«Lullaby to Tim»2:57
10.«Have You Ever Loved Somebody?»2:57

Medverkande endre

The Hollies

Andre medverkande

Kjelder endre

  1. http://www.allmusic.com/album/r9431
  2. Christgau, Robert (20. desember 1976). «Christgau's Consumer Guide to 1967». The Village Voice (New York). s. 69. Henta 21. mars 2018. 
  3. http://rockpopgallery.easystorecreator.com/items/karl-ferris/the-hollies-evolutions-ltd-edition-s-n-print-lep-spspthe1-detail.htm Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine. Henta 22. mars 2018
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 User, Super. «Session Listing». www.hollies.co.uk. Arkivert frå originalen 12. september 2015. Henta 21. mars 2018. 
  5. Evolution cover by Karl Ferris http://rockpopgallery.easystorecreator.com/items/karl-ferris/the-hollies-evolutions-ltd-edition-s-n-print-lep-spspthe1-detail.htm Arkivert 2007-10-07 ved Wayback Machine. retrieved 22. mars 2018