Evrótas (gresk Ευρώτας) eller Eurotas er ei elv på Peloponnes sør i Hellas. Elva har sitt utspring i Taýjetosfjella og er 82 km lang. Ho renn gjennom byen Spárti og munnar ut i Lakoníabukta. Gjennom historia har ho vore ei transportåre for spartanarane og eit alternativ til hamna deira ved Jýthio.

Evrótas
Ευρώτας
elv
Elva Evrótas, like utanfor byen Spárti
Land Hellas Hellas
Lengd 82 km
Kjelde Taýjetosfjella
Munning Lakoníabukta
Kart
Evrótas
37°13′00″N 22°20′43″E / 37.216569444444°N 22.345144444444°E / 37.216569444444; 22.345144444444
Wikimedia Commons: Eurotas (river)

Evrótas flauma over i 1999 og 2005 som øydela bygningar, køyretøy og appelsin- og olivenlundar, dei fleste av desse i byen Élos. Totalt vart 170 km² med land øydelagd i 2005.

Kjelde endre