Taýjetos (gresk Ταΰγετος), òg kalla Taygetos, Taigetos eller Taygetus, er ei fjellkjede på Peloponnes sør i Hellas, som strekkjer seg 100 km nordover frå sørenden av Kapp TénaroMánihalvøya. Det er 2 410 meter høgt ved Ájos Ilías. Fjellet er kalla opp etter Taygete. I tida frå Austromarriket og fram til 1800-talet vart fjellet kalla Pendedáktylos (gresk for femfingra). Fjellkjeda ligg i periferieiningane Arkadía, Lakonía og Messinía.

Taýjetos
Ταΰγετος
fjell
Delar av Skotiní Plévra (Den mørke sida)
Land  Hellas
Område Messinía og Lakonía
Høgd 2 410 moh.
Koordinatar 36°57′14″N 23°21′07″E / 36.954°N 23.352°E / 36.954; 23.352
Kart
Taýjetos
36°57′13″N 22°21′00″E / 36.953544444444°N 22.349955555556°E / 36.953544444444; 22.349955555556
Wikimedia Commons: Taygetos

Den høgaste toppen i fjella er forma som ein pyramide. Enkelte forskarar meiner at denne strukturen vart hogd ut for hand av menneske i antikken, medan andre meiner at dette er ein naturleg steinformasjon. Det er derimot ingen erosjonsmekanismar (til no) som kan forklare ein slik naturleg steinformasjon. I antikken skal spartanarane ha bygd eit tempel for Apollon ved toppen. Ei kyrkje for profeten Elias (προφήτης Ηλίας) ligg på same stad.

Dalen til elva Evrótas ligg i aust, medan Det joniske havet ligg mot sør og vest i lag med Messiníabukta og Arkadía i nord.

Nesten heile Evrotasdalen og Párnonasfjella og halve Lakonía kan ein sjå frå austsida av fjellet. Frå vestsida kan ein sjå Kalamáta og den austlege halvdelen av Messinía.

Dei sentrale områda av fjellkjeda vert ofte kalla Skotiní Plévra, som tyder «den mørke sida», fordi landsbyane her ikkje får mykje sol. Mykje av området er skogkledd og i høgareliggande område grassletter og blomar.

Stader i Taýjetos endre

Nærliggande stader endre

Ymse endre

Spartanarane i antikken etterlet nyfødde born med sjukdom eller fysiske feil her for å døy. Spárti var ein krigarby og fysisk veikskap vart ikkje tolerert.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Taýjetos

Kjelde endre