Exit av Tangerine Dream

studioalbum av Tangerine Dream
Exit
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve September 1981
Innspelt Juni og juli 1981
Spelestad Berlin
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 36:32
Selskap Virgin
Produsent Edgar Froese, Christopher Franke
Tangerine Dream-kronologi 
Thief
(1981)
Exit White Eagle
(1982)


Exit er det sekstande albumet og 11. studioalbumet av det tyske electronicabandet Tangerine Dream.[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars [1]

Exit nådde 43. plassen på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i fem veker.

Musikk endre

Exit inneheld seks spor som vart skapt med det som då var det nyaste utstyret, inkludert Fairlight Computer Instrument. I følgje Edgar Froese bygde bandet alt kring eit MCI-miksebord, fordi dei måtte ha alle instrumenta i nærleiken. Dei brukte ikkje så mange akustiske instrument, og dei trengde ikkje ein lydteknikar. Dei tre musikarane hadde berre alt kring seg, slik dei hadde på scenen.[2]

På det første sporet kan ein høyre ei skodespelarinne frå Berlin[3] som snakkar på russisk og nemner kontinenta på jorda og ber om å slutte trugselen om «avgrensa» atomkrig,[4][5] som var ein potensiell fare på denne tida under den kalde krigen då albumet kom ut. Froese var veldig mot kjernevåpen og fekk organisert utsendinga av fleire tusen eksemplar av Exit til forskjellige maktpersonar, kunstnarar og vanlege folk i Russland. Kort tid før Exit kom ut hadde Tangerine Dream spelt ein spesialkonsert for nedrusting utafor Riksdagen i Vest-Berlin føre eit publikum på kring 100 000 personar.

Sporet «Choronzon» var nytta som kjenningsmelodi for det ungarske, politiske TV-showet Panoráma. «Remote Viewing» er med i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008 på radiostasjonen The Journey. Tittelsporet er nytta i sjette episoden av første sesongen av Netflix-serien Stranger Things,[6] og eit remiksa utdrag, kalla «No Future (Get Off the Babysitter)», vart nytta i filmen Risky Business frå 1984.


Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Kiew Mission»9:18
2.«Pilots of Purple Twilight»4:19
3.«Choronzon»4:07
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Exit»5:33
2.«Network 23»4:55
3.«Remote Viewing»8:20

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Connolly, Dave. Exit av Tangerine DreamAllmusic
  2. 2,0 2,1 «Exit». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020. 
  3. Beecher, Mike (1982). «Tangerine Dream: An interview with Edgar Froese and Chris Franke during their recent UK tour». Electronics & Music Maker: 52. Henta 10. april 2013. 
  4. Beecher, Mike (1982). «Tangerine Dream: An interview with Edgar Froese and Chris Franke during their recent UK tour». Electronics & Music Maker: 47–50. Henta 10. april 2013. 
  5. «Tangerine Dream - Kiew Mission LyricsTranslate». Henta 10. april 2013. 
  6. Kreps, Daniel (12. september 2016). «Hear Tangerine Dream's Spooky Cover of 'Stranger Things' Theme». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. september 2017. Henta 11. mai 2017.