Thief av Tangerine Dream

Thief
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mars 1981
Innspelt Februar - november, 1980
Studio Studioet til Chris Franke i Berlin
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 39:07 eller 40:11
Selskap Virgin
Tangerine Dream-kronologi 
Quichotte
(1980)
Thief Exit
(1981)


Thief er det femtande albumet og det andre filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i mars 1981. Det er eit filmmusikkalbum i 1981 for den amerikanske neo-noir krimfilmen Thief, regissert av Michael Mann.[2] Albumet nådde 43. plassen på UK Albums Chart og låge inne på lista i tre veker.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars [1]

«Beach Theme» og «Beach Scene» er to forskjellige miksar av same stykket. Albumversjonen av «Dr. Destructo» er ganske annleis enn filmversjonen.[3] Ein lengre versjon av «Dr. Destructo» kom ut på singel. «Igneous» er ein miks av «Thru Metamorphic Rocks» frå albumet Force Majeure frå 1979. Verken «Beach Theme» eller «Trap Feeling» er i filmen.

Etter Tangerine Dream var ferdig med albumet, trengde Mann enno ein sekvens. Då Tangerine Dream var på turné, komponerte og framførte Craig Safan «Confrontation». Den originale plata kom ut i USA med «Confrontation», men seinare utgåver kom med «Beach Scene» i staden for.

I 1980-åra brukte fjernsynsstasjonen CITY-DT i Toronto «Scrap Yard» som bakgrunnsmusikk når dei hadde tekniske feil.

Filmmusikken vart kåra til verste filmmusikk under Golden Raspberry Awards.

Versjonar endre

Det finst for tida to versjonar av albumet med forskjellig sporliste og omslag. Versjon A har teksten 'Original Motion Picture Soundtrack' over tittelen etterfølgd av teksten 'James Caan' under. Teksten 'Composed and Performed by Tangerine Dream', står nedst. Versjon B har berre «Tangerine Dream» over tittelen.[4][5]

I 2004 gav Wounded Bird Records ut versjon B med «Confrontation»; men det var to feiltrykkingar, ein med sporlista til versjon A, og ein med «Igneous» fjerna i staden for «Beach Scene». Alle hadde sporlista for versjon B på CD-en og omslaget

I 2014 gav Perseverance Records ut ei ommastra utgåve med ni spor som inneheldt både «Beach Scene» og «Confrontation», og dermed retta feilen frå dei førre utgåvene, der desse spora aldri var på same plate.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Beach Theme»3:44
2.«Dr. Destructo»3:18
3.«Diamond Diary»10:48
4.«Burning Bar»3:11
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Beach Scene» (Berre versjon B)6:48
6.«Scrap Yard»4:40
7.«Trap Feeling»2:57
8.«Igneous»4:45
CD-utgåve
Nr.TittelLengd
9.«Confrontation» (Berre versjon A)5:37

Medverkande endre

  • Edgar Froese – gitar, klaverinstrument, elektronisk utstyr
  • Christopher Franke – synthesizer, elektronisk utstyr, elektronisk perkusjon
  • Johannes Schmoelling – klaverinstrument, elektronisk utstyr
  • Klaus Krieger – perkusjon på «Igneous» (spelt inn 1978)
  • Craig Safan – komponist og artist på «Confrontation»

Kjelder endre

  1. Connolly, Dave. Thief av Tangerine DreamAllmusic
  2. Mal:Cite vitn
  3. «Thief (1981)». What Dreams Are Made Of. Arkivert frå originalen 28. august 2006. Henta 9. juli 2020. 
  4. Original Motion Picture Soundtrack: Thief. [Compact Disc]. Wounded Bird Records. 
  5. Tangerine Dream Thief (Definitive Edition). [Compact Disc]. Virgin Records. 1995.