Eystein Jansen
Eystein Jansen (fødd 28. februar 1953) er ein norsk klimatolog og professor i klimaforsking ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret (BCCR) i Bergen. Sidan 2022 har han vore visepresident i Det europeiske forskningsrådet (ERC), med særleg ansvar for naturvitskap og teknologi.[1]
Eystein Jansen | |||
Fødd | 28. februar 1953 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | geolog, klimaforsker, forskar | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane Universitetet i Bergen | ||
Alma mater | Universitetet i Bergen | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Academia Europaea Norges Tekniske Vitenskapsakademi |
Jansen har særleg forska på rekonstruksjon av tidlegare tiders havstraumar og klimaendringar ved hjelp av analyse av utgravde kjerner frå havbotnen. Han tok doktorgrad i maringeologi ved Universitetet i Bergen i 1984, og har publisert over 70 vitskaplege artiklar, av dei er fleire publisert i Nature.
I 2019 fekk han Brøggerprisen for arbeidet med opprettinga av Nasjonallaboratoriet for geologisk massespektrometri i 1983, Bjerknessenteret for klimaforskning i 2000 (der han var direktør i 13 år) og det nye SFF-senteret Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) i 2017.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Eystein Jansen blir visepresident i ERC», Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 28. oktober 2022
- ↑ «Brøggerprisen til Eystein Jansen», Geoforskning.no (på norsk bokmål), 13. januar 2019, henta 28. oktober 2022
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Eystein Jansen i BIBSYS
- Publikasjonar av Eystein Jansen i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin