Bjerknessenteret

Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) er eit internasjonalt klimaforskingssenter i Bergen. Senteret har fire partnarar: Havforskingsinstituttet (HI), Nansensenteret (NERSC), Universitetet i Bergen (UiB) og Norce (tidlegare Uni Research). Bjerknessenteret for klimaforsking har hatt status som Senter for fremragende forskning (2002–11), ei ordning opretta av Norges forskningsråd for å byggje norske forskingsinstitusjonar til høgaste internasjonale nivå.

Bjerknessenteret held til i Geofysisk institutt, ved Universitetet i Bergen.

Om senteretEndra

Bjerknessenteret er det største naturvitskaplege klimasenteret i Norden.[1] Senteret har særleg fokus på høge breiddegrader og formidlar kunnskap om klimaendringar for forskarar, politikarar, industri og publikum – fordelt på fire hovudområder: globalt klima, klimafarar, polarklima og karbonsystemet.[2]

Den vitskaplege staben består av meir enn 200 forskarar og studentar frå over 30 nasjonar. Forskarane er rekruttert frå fleire fagområde, med forankring i meteorologi, oseanografi, geologi, fysikk og matematikk. Samarbeid på tvers av faggrenser og forvaltningsnivå står sentralt i organisasjonen.

Bjerknessenteret var ei av fire grupper i Europa som leverte globale klimascenarioer til første del av den fjerde klimarapporten til FNs klimapanel (Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC), lansert i februar 2007). Åtte forskarar ved senteret medverka til skrivinga av denne rapporten. FNs klimapanel vart tildelt Nobels fredspris hausten same år.

Senteret vart i 2013 tildelt Christieprisen, utdelt av Universitetet i Bergen til mottakarar som har «bidratt til å fremme eller synliggjøre universitetets sentrale rolle i samfunnsutviklingen».

LeiingEndra

Direktør ved Bjerknessenteret er professor Tore Furevik ved Universitetet i Bergen.

KjelderEndra

  1. «Han gjorde Bergen til hovudstad for klimaforsking», pahoyden.no (på norsk), 6. mars 2017, henta 4. oktober 2019 
  2. «Bjerknessenteret for klimaforskning», Bjerknessenteret for klimaforskning (på norsk bokmål), henta 4. oktober 2019 

BakgrunnsstoffEndra