Følgesvennen
«Følgesvennen» er eit norsk undereventyr utforma av Peter Christen Asbjørnsen på grunnlag av fleire oppskrifter. Det blei trykt i Norske Folkeeventyr (1841-1844) og i Norsk Illustrert Folkekalender i 1855. Eventyret har Aarne-Thompson-klassifikasjonen AT507A.[2] Det er kjend frå rundt 20 norske oppskrifter, og finst i fleire utgåver i Europa og Asia.[3]
Eventyret handlar om ein bondegut som dreg ut i verda for å finna ei kongsdotter han har drømt om. På vegen får han følgje av ein mystisk skikkelse. Denne følgjesvenen hjelper han gjennom dei harde prøvingane han må gjennom for å vinna kongsdottera. Følgjesvenen viser seg å vera ein dauding guten har løyst ut av ei isblokk og gjeve ei kristen gravferd.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Följeslagaren» (svensk omsetjing)
- ↑ «Eventyr og Sagn - Norsk Folkeminnesamling», www2.hf.uio.no, henta 30. oktober 2019
- ↑ «Følgesvennen». Store norske leksikon (på norsk). 20. mai 2019.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Følgesvennen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2019.