Førde i Jølster

Førde i Jølster er ei lita grend i den sørlege enden av Breimsvatnet. Bilveg til grenda tek av frå E39 på Grungen, midt mellom Skei og Klakegg. Vegen er skilta til «Breimsvatnet». Førde høyrde tidlegare til Breim kommune, men vart ein del av Jølster kommune ved kommunereguleringa i 1964. Resten av Breim kommune vart lagt til Gloppen kommune. Førde er ei lita grend, med seks gardsbruk. Innbyggjartalet har vore rundt 40 i mange år.

Førde
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Postnummer 6843 SKEI I JØLSTER
Innbyggjarnamn førsarar

Namnet «Førde» kjem av gamalnorsk «fird», som tyder fjord, og er brukt fleire på fleire område i Noreg som ligg ved sjø eller vatn. Det er også brukt nokre stader i Tyskland og Irland. I daglegtale vert namnet «Førs» ofte nytta om denne grenda. Dette er genitivsforma av namnet Førde, og «til Førs» vert difor den same forma som til dømes «til fjells» eller «til sjøs». Når «Førde» vert brukt som namn på staden, er bokstaven «d» stum, slik at namnet vert uttala «Føre». Folket i og frå grenda vert lokalt kalla «førsarar», eller «førsara» på det lokale talemålet, då bokstaven «r» oftast ikkje vert uttala i slutten av ord.

«Nordfjord. Parti ved Førde.»
Foto: Axel Lindahl/Norsk Folkemuseum.

Den Trondhjemske Postvei, som offisielt opna i 1795, hadde skysstasjon i grenda, og gardbrukarane hadde skyssplikt med båt frå Førde til Reed i Gloppen kommune. Skysstasjonen, Hotel Skjorta, hadde namnet frå det høgste fjellet vest for Breimsvatnet, Skjorta, som er 1473 m høgt, og som stig rett opp frå Breimsvatnet, som ligg på om lag 52 moh. Naturen rundt grenda vert av dei fleste oppfatta som vill og trong. Dalen er smal og fjella er bratte og høge. Aasmund Olavson Vinje reiste fleire gonger langs postvegen, og var dermed avhengig av skyss over Breimsvatnet. Han har seinare skrive dette om opplevinga si av grenda: «Naturen er vild og ugjestmild, og folket ligesaa».

Andre nettstader endre