Førjulstid er tidsrommet før jul der ein førebur feiringa gjennom å skaffa julegåver, laga og hengja opp pynt, gjera reint og laga til mat. Handelsstader bruker førjulstida til å selja gåver, mat og pynt som høyrer jula til. For mange er det denne tida dei har det største salet, og dei kan leggja mykje arbeid i juleutstillingar og underhaldning i tida før jul. Julestrida, alt arbeidet rundt det å førebu jula, er knytt til denne tida.

Elektriske julelys under førjulstida i Tokyo.
Førjulstida og advent kan markerast med ein adventskalender.

Markering av førjulstida endre

Ein kan markera at førjulstida er begynt ved å setja opp elektriske julelys og jule- eller adventspynt. Ein kan ha koselege stunder der ein tenner levande lys eller drikk særskilde drikkar, som gløgg. I samband med advent kan ein ha ein adventskalender.

Det kan haldast mindre feiringar, som luciadagen, julebord, juleselskap eller juleverkstad, samlingar der ein kjem saman for å førebu gåver, pynt eller søtmat til jul. Det blir også arrangert julekonsertar med julemusikk og teaterførestillingar med julespel.

Tidsmessig plassering endre

Kva tid førjulstida tek til er det ulike tankar om i ulike samfunn og delar av samfunna. I Noreg og mange andre stader er det vanleg å rekna advent frå 1. desember som førjulstid. Hjå andre kan ho byrja to veker eller ein månad eller før jul. I USA er «Black Friday», dagen etter Thanksgiving i slutten av november, blitt den vanlege byrjinga på julesalet med nedsette prisar for å lokka kundar.[1] Butikkar kan ta til å selja juleeffektar i oktober, men mange reknar dette som ein for tidleg, ein «tjuvstart» på førjulstida. Organisasjonen Fremtiden i våre hender starta kampanjen «Gi oss jula tilbake!» mot det dei rekna som ei øydeleggjande forlenging av jula. Kampanjen blei lagd ned etter at julemarsipan var å få kjøpt frå 26. september 2008.[2]

Kjelder endre

  1. «Peak U.S. Web sales move closer to Christmas»
  2. «Julemarsipanen er her» Arkivert 2008-12-11 ved Wayback Machine. i Dagbladet fredag 26.09.2008, «Hei hå, nå er det jul igjen» i NRK Hedmark og Oppland, 13.10.2008