Marsipan
Marsipan er ein konfekt laga av malne mandlar, melis og eggekvitar, som vert blanda og ofte forma til ulike figurer. Marsipan er ein opphavleg persisk eller arabisk matrett som i dag blir mykje bruka i nordafrikansk, iberisk, sentraleuropeisk og skandinavisk kultur. Marsipan vert ofte smaksett med saft eller sherry, og farga med konditorfargar. I Skandinavia høyrer heimelaga marsipanfigurar til det tradisjonelle julegodtet.
Ordsoge
endreOpphavet til ordet er omstridd. Ordet vart lånt til tysk i det sekstande hundreåret frå italiensk marzapane. Det finst talrike spekulasjonar rundt opphavet til det italienske ordet:
- Marci panis; «Markus-brød» d.e. brød baka for den heilage Markus [1]
- Martaban, ein burmesisk by, kan òg ha gitt opphav til namnet, sidan det vart eksportert søtsaker frå denne byen.[2]
- Matapanus var på mellomalderlatin namnet på ein venetiansk mynt. Namnet skriv seg frå arabisk mauthaban 'sitjande konge', og mynten kan ha gjeve namn til konfekten.[3]
Referansar
endre- ↑ Sjå t.d. no:Marsipan slik artikkelen var 12.8.2008
- ↑ Allwords.com
- ↑ Nynorskordboka
Bakgrunnsstoff
endreMarsipan. Oppskrift i Kokebok på Wikibøker. |