Thanksgiving
Thanksgiving, eller Thanksgiving Day (engelsk for «takkseiedag»), er ein årleg høgtids- og festdag som blir feira fleire stader i verda av ulike grunnar. I Canada heiter han Thanksgiving Day på engelsk og Action de grâce på fransk.
Black Friday eller svartefredag blir halden dagen etter thanksgiving i USA, noko som då blir den fjerde fredagen i november.
Thanksgiving i USA
endreI USA blir thanksgiving feira den fjerde torsdagen i november. Thanksgivingshelga, Thanksgiving Holiday, varer i fire dagar, det vil seia frå torsdag til søndag. Ei vanleg markering er å eta eit thanksgivingsmåltid saman med familie og slekt, der hovudretten vanlegvis er fylt kalkun, yams og gelé av tranebær, og dessutan graskarpai til dessert. Helga er prega av stor utfart i trafikken, men går elles føre seg fredeleg i heimane til folk. Helga innleier også den omfattande julehandelen.
Opphavet til den amerikanske feiringa blir ført tilbake til den fyrste hausttakkefesten til pilegrimsfedrane i 1621. 46 medlemmer av kolonien døydde under den fyrste strenge vinteren i kolonien deira, men takka vera gode råd frå indianaren Squanto, som snakka engelsk etter å ha budd fleire år i London, fekk dei ei god maisavling på dei 80 måla dei hadde planta. Dei engelske nybyggjarane takka Gud for gåvene frå naturen, ifølgje tradisjonen saman med indianarane. Menyen dengong var likevel ikkje som i seinare tid: Graskar blei nok ete, men ikkje i pai, for ein mangla kveg og hadde derfor ingen mjølkeprodukt. All villfugl blei kalla turkey av nybyggjarane, så det er ikkje sikkert at det var kalkun dei hadde fanga.[1]
Det er heller ikkje snakk om nokon samanhengande tradisjon frå 1621. Den neste takkefesten blei halden etter tørkesommaren 1623, og då var det invitert ein del vennligsinna indianarar. Så var det ingen takkefest før i 1676, 53 år seinare. Fyrst i 1777 blei det halde ei felles feiring av Thanksgiving i alle tretten koloniane, og ho gjaldt sigeren over britane ved Saratoga under den amerikanske sjølvstendekrigen.[2]
Det var likevel fyrst då president Abraham Lincoln i 1863 innførte thanksgiving som nasjonal fridag at feiringa fekk det omfanget og posisjonen ho har i dagens USA. Franklin D. Roosevelt prøvde å skyva feiringa fram ei veke i 1941 for å forlengja sesongen for julehandel, men dette førte til eit slikt ramaskrik at Kongressen erklærte thanksgiving for nasjonal heilagdag fjerde torsdag i november. Feiringa har etter kvart mista det religiøse innhaldet sitt, men er den einaste felles fridagen for heile landet og den viktigaste høgtidsdagen, større enn både jula og halloween. Thanksgiving blir likevel framleis rekna som eit uttrykk for takksemd for avlingane i haust og gåvene i livet.
Thanksgiving Day/L'action de grâce i Canada
endreDen fyrste thanksgivingsfeiringa i Nord-Amerika var i Canada,[3] ikkje i USA. I Canada, der avlinga vanlegvis blir hausta tidlegare på året, blir dagen feira den andre måndagen i oktober. Martin Frobisher skal ha feira hausttakkefest på Newfoundland (Canada) i 1535 og Samuel de Champlain (The Order of Good Cheer/L'Ordre de bons temps) i 1604. Grunngivinga for feiringa i Canada er takksemd for ei god avling, og dagen er velsigna av kongefamilien, ikkje som i USA der dagen er meint å markera forholdet mellom urfolk og pilegrimar.
Thanksgiving i andre land
endreThanksgiving blir feira i 16 land verda rundt, og ikkje berre i USA.
I Brasil byrja feiringa då den brasilianske ambassadøren i USA i 1947 blei invitert til thanksgiving-feiringa i National Cathedral i Washington. Han likte idéen og tok han med til Brasil. Sidan den tida har Brasil feira thanksgiving.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Ole Moen: USA – annerledeslandet i vest (s. 25-26), forlaget Cappelen, Oslo 2008, ISBN 82-02-23844-7
- ↑ Ole Moen: USA – annerledeslandet i vest (s. 26)
- ↑ Aftenpostens historiemagasin nr. 10 2016. s. 16
- Denne artikkelen bygger på «Thanksgiving» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2024.