Førkveld var eit norsk underhaldningsprogram som blei sendt på NRK1 frå 2010 til 2012. Det gjekk kvar måndag til fredag klokka 18. Programmet blei produsert av NRK Hordaland og send frå Bergen. Det hadde premiere 4. januar 2010, og tok då over den tidlegare sendetida til Barne-TV, som blei flytta til NRK Super.[1] Programmet blei i løpet av åra leia av Øyvor Bakke, Hilde Hummelvoll, Caroline Bækkelund Hauge og Bård Ose, Halvor Folgerø, Anette Evensen og Stian Barsnes-Simonsen. I tillegg bidrog Atle Nielsen, Viggo Valle og Gøril Grov Sørdal med quiz.

Førkveld
Typefjernsynsprogram
SjangerUnderhalding
OpphavslandNoreg
Lengd40 min.
SpråkNorsk
ProdusentNRK Hordaland
Periode4. jan. 2010–
30. nov. 2012
KanalNRK1

Førkveld hadde eit gjennomsnittleg sjåartal på mellom 150 000 og 200 000.[2]

Kjelder endre

  1. «Førkveld erstatter Barne-TV», NRK, 30.10.2009), henta 25. oktober 2016 
  2. ««Førkveld» legges ned». Dagbladet. 9. mars 2012. Henta 2. juni 2012.